Personvernerklæring
Det du skriv og loggar i Elevé, er ditt. Her fortel vi kva vi lagrar, kvifor, og kva du kan bestemme sjølv.
1. Kven som er ansvarleg
Elevé Kollektivet, drive av Elevé Valø, org.nr. 935 224 144, Nørvågvegen 9, 6090 Fosnavåg, er behandlingsansvarleg for personopplysningane i Elevé-appen (app.eleve.no).
Spørsmål om personvern: post@eleve.no.
2. Kva vi lagrar
| Kategori | Døme |
|---|---|
| Kontoopplysningar | E-postadresse og førenamnet du vel å oppgi. |
| Det du loggar i appen | Minutt i ro, dagar du har øvd, humøret du vel, dagboknotat, kor langt du har kome i reisene. |
| Human Design | Fødselsdato, fødselstid og fødestad dersom du fyller dei inn, og profilen som blir rekna ut. Sjølve utrekninga skjer på eininga di. |
| Abonnement og kjøp | Om du har prøveperiode eller abonnement, datoar for trekk og kjøp, og ein kunde-ID frå Stripe. Vi ser eller lagrar aldri kortnummeret ditt, det handterer Stripe. |
| Tekniske opplysningar | IP-adresse og tidspunkt i tekniske loggar hos leverandørane våre, og innloggingsøkta di i nettlesaren. |
Humør og dagboknotat kan seie noko om korleis du har det, og kan difor reknast som helseopplysningar. Vi lagrar dei berre fordi du sjølv vel å skrive dei, og berre for å vise dei til deg igjen. Vi les dei ikkje, analyserer dei ikkje og brukar dei ikkje til noko anna.
3. Kvifor, og kva vi har lov til
- Levere appen til deg: konto, innlogging, lagring av det du loggar og synkronisering mellom einingane dine. Grunnlag: avtalen med deg (personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav b). For humør og dagbok: ditt uttrykkelege samtykke når du vel å lagre dei (art. 9 nr. 2 bokstav a). Du kan når som helst slette dei.
- Betaling og rekneskap: abonnement, kvitteringar og bokføring. Grunnlag: avtalen og plikta vår etter bokføringslova (art. 6 nr. 1 bokstav b og c).
- Tryggleik og feilretting: tekniske loggar for å hindre misbruk og rette feil. Grunnlag: vår berettiga interesse i ei trygg teneste (art. 6 nr. 1 bokstav f).
- Innloggingskodar på e-post: vi sender berre e-post som trengst for kontoen din. Ingen nyheitsbrev utan at du har bede om det.
Vi sel aldri opplysningane dine, vi viser ikkje reklame, og appen har ingen analyse- eller sporingsverktøy.
4. Kven som hjelper oss (databehandlarar)
Vi brukar desse leverandørane. Dei får berre det dei treng for oppgåva si, og har avtale med oss om å verne opplysningane.
| Leverandør | Kva | Kvar |
|---|---|---|
| Supabase | Database og innlogging, her ligg kontoen og det du loggar | EU (Frankfurt, Tyskland) |
| Stripe | Betaling, abonnement og kvitteringar | Stripe Payments Europe (Irland). Kan overføre til USA, sjå under. |
| Domeneshop | Sender innloggingskodar frå post@eleve.no | Noreg |
| Cloudflare | Leverer sjølve appen (app.eleve.no) | Globalt nettverk, IP-adresse blir handsama |
| Google Fonts og jsDelivr | Skrifttypar og programbibliotek som appen lastar, mellom anna reiknemotoren for Human Design | Globalt, IP-adresse blir handsama |
| Open-Meteo | Finn koordinatar og tidssone for fødestaden når du reknar ut Human Design. Berre stadnamnet blir sendt, ikkje fødselsdato, klokkeslett eller kven du er. | Sveits, som EU har godkjent som trygt land for personopplysningar. IP-adresse blir handsama. |
Når opplysningar blir overførte til land utanfor EU/EØS, til dømes USA, skjer det med grunnlag i EU-kommisjonen sine standardavtalar eller EU–US Data Privacy Framework.
5. Lagring på eininga di
Appen lagrar innloggingsøkta di og ein kopi av dataa dine i nettlesaren (localStorage og hurtigminne), slik at han opnar raskt og verkar utan nett. Dette er strengt naudsynt for tenesta og blir ikkje brukt til sporing. Når du loggar ut, blir kopien fjerna frå eininga.
6. Kor lenge vi lagrar
- Kontoen og det du loggar: så lenge du har konto. Slettar du kontoen under Min konto, blir alt sletta med ein gong. Tryggingskopiar hos databaseleverandøren blir sletta automatisk etter ein avgrensa periode.
- Kjøp og betalingar: så lenge bokføringslova krev (i dag inntil fem år), også etter at kontoen er sletta.
- Tekniske loggar: kort tid, normalt nokre dagar til nokre veker.
7. Rettane dine
Du har rett til innsyn i, retting av og sletting av opplysningane dine, rett til å avgrense eller protestere mot behandling, rett til dataportabilitet og rett til å trekkje tilbake samtykke. Mykje kan du gjere sjølv:
- Last ned dataa dine: Min konto → Last ned dataa mine.
- Endre namn: Min konto → Endre.
- Slette alt: Min konto → Slett kontoen min. Eventuelle abonnement blir sagt opp samstundes.
For alt anna, skriv til post@eleve.no. Vi svarar innan 30 dagar. Meiner du at vi handsamar opplysningane dine i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.
8. Tryggleik
All trafikk er kryptert (https). Tilgangsreglar i databasen gjer at berre du kan sjå og endre dataa dine gjennom appen. Betalingstilgangen kan berre endrast av betalingsløysinga, ikkje frå appen. Vi i Elevé har teknisk tilgang til databasen for drift, men opnar ikkje innhaldet ditt med mindre det trengst for å hjelpe deg, og då berre etter at du har bede om det.
9. Endringar
Gjer vi vesentlege endringar, varslar vi deg i appen eller på e-post før dei trer i kraft. Datoen øvst viser når erklæringa sist vart endra.
Sjå òg kjøpsvilkåra. · Tilbake til appen